– Vi har eit inntrykk av at mange nordmenn framleis ladar elbil frå stikkontakt. Det kan henge saman med ei manglande forståing for belastinga elbillading har på stikkontakten og det elektriske anlegget, seier Rune S. Nielsen, brannekspert i Gjensidige Forsikring, i ei pressemelding.

I ei undersøking gjort av YouGov på vegner av elbilladarselskapet Zaptec seier åtte prosent av norske elbileigarar at dei ladar frå vanleg stikkontakt. Det vil seie om lag 112.000 nordmenn.

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap bestemte i 2022 at lading frå vanleg stikkontakt på fast basis er forbode. Unntaket er om kontakten er sett opp med elbillading som formål før juli 2022 av ein montør som har gjennomført ei risikovurdering.

– Det er fleire grunnar til at lading frå stikkontakt ikkje er anbefalt. Det fører til dømes til svært stor belasting på leidningane sidan dei må gå på maks kapasitet over tid. Det er ikkje stikkontakten laga for, og det kan i verste fall føre til brann, seier Nielsen.

Han anbefaler å heller ta i bruk ein dedikert ladeboks for elbil.

(©NPK)