Nyttårskonferansen er eitt av samarbeidsprosjekta i Møre og Romsdal 2025 – eit program der offentleg sektor med ansvar for Møre og Romsdal samarbeider for å styrke regionen.

Konferansen blei etablert i 2019. Nyttårskonferansen er blitt den viktigaste møteplassen for offentleg sektor med ansvar for Møre og Romsdal, heiter det i ei pressemelding frå Møre og Romsdal fylkeskommune.

Dei som er inviterte som deltakarar, er ordførarar, rådmenn/kommunedirektørar, toppleiarar for regionale statlege verksemder med ansvar for Møre og Romsdal, fylkesutvalet, Mørebenken, Ungdomspanelet, og toppleiing i Møre og Romsdal fylkeskommune og Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.