Like etter klokka 10 laurdag melde politiet om at ein bil har køyrt av vegen i Rystene i Ørsta.

– Uklart skadeomfang. Bilførar er ute av bilen, skriv politiet på X/Twitter.

110-sentralen melder at bilen skal ligge på sida. det skal ikkje vere alvorleg personskade. Politet melder og at førar var uskadd.

– Bilen hadde velta over på sida i vegbana, opplyser politiet.