I samband med at kommunen søkjer folk som vil vere med å bidra til nasjonaldagsfeiringa i Ørsta sentrum har råd for likestilling av funksjonshemma gjort eit vedtak. Tanken er å gjere feiringa av nasjonaldagen god for alle og gje ei «universell utforma nasjonaldagsfeiring».

– At det finst stadar der folk kan sitje i bilar og kike på toga. Dette er for Ørsta sentrum presisert i utlysingsteksten frå Ørsta kommune med oppmoding om å ha vakter der som kan passe på at dette går i orden.

Rådet vil ha stadar der folk med funksjonsnedsetjingar kan vere og kike på toga. At born får stå fremst og kike på folketoget med vaksne bak.

– At alle kan få kjøpe seg mat dei toler som er handsama slik at han ikkje er kryssmitta, og at maten er tydeleg merka med kva allergen maten inneheld. At det er god lyd slik at det er råd å høyre kva som vert sagt. At det er tydeleg skiltmerking med gode kontrastar der det er behov for det. Om dette vert vektlagt, kan det verte ei fin nasjonaldagsfeiring for alle.

Rådet håper at lag, grupper og andre vil bidra til 17. mai-feiringa i Ørsta.

– Og når ein lagar til årets program for 17. mai, så er det fint om ein tek med litt info om kvar ein kan parkere og kike på toget frå bilane t.d. På den måten vert det lettare for alle å vite korleis dette er planlagt.