Seint torsdag kveld observerte tre kvinner ein meteoritt på himmelen over Ørsta. Dei trur meteoritten landa i området Follestaddalen/Bondalen.

– Han kom susande mellom fjella Rambjøra og Kjerringa og for framover dalen. Ei av oss høyrde også fresinga, seier ei av kvinnene.

Sjølv stod ho på Mo då ho vart obs på meteoritten.

– Klokka var vel fem eller ti på halv ti då eg såg han. I alle fall i tidsrommet mellom kvart over ni og fem over halv ti. Det hadde vore interessant å finne ut litt meir. Kanskje var det fleire som såg noko? Kanskje kan vi til og med finne steinen. Med så mykje snø i fjella må det ha danna seg eit lite krater. Steinen var så pass stor at vi er sikre på at han må ha landa. Vi såg både sjølve steinen og halen bak. Vi skal vel vere glade for at han ikkje landa der det er folk! Men det hadde vore interessant å få vite litt meir.

Om nokon veit noko eller har informasjon om fenomenet kan dei ta kontakt med underteikna.