Ørsta Røde Kors sin opne aktivitetsdag er som ein magnet på born, og det var ikkje noko unntak i snøvinteren denne gongen.

– Folk vil vere med år etter år, og vi vert oppringde frå folk som lurer på kva tid arrangementet skal vere, fortel Torill Wollmann som nok ein gong saman med familien og godenaboar opna tuna på Ytrestøylen.

Pengar frå Gjensidige-stiftinga støttar arrangementet, og det var gratis å vere med. Anten det vart drive hesteriding eller å sitje på den særs populære zip-lina, der borna fekk prøve å sveve over bakken i line.