Høge drivstoffprisar bidreg til at båtførarar køyrer mindre og saktare. Det kan vere noko av grunnen til at det har vore uvanleg få ulykker på sjøen i juni månad, skriv NRK Nordland.

Tal frå forsikringsselskapet Tryg viser at mengden innmeldte båtskader er nær halvert frå juni i år, samanlikna med fjoråret. Dei meiner det er to hovudårsaker til nedgangen: Det er færre båtar på sjøen, og båtane som er på sjøen køyrer saktare.

- Vi har mange båthamner som kundar, og vi høyrer at folk unngår å køyre med full fart heile tida på grunn av drivstoffprisane, seier kommunikasjonsrådgjevar i Tryg, Torbjørn Brandeggen.

(©NPK)