– I år får vi ein fullskala festival med både Romedalscamp og motbakkeløpet Saudehornet rett opp, eier koordinator for Naturfestivalen, Siri Dahl.

Alt på søndag er det festivalsommar på Bakketunet på Bjørke. Her kan ein oppleve dei gamle bygningane der tømmeret i dei eldste husa er daterte attende til 1549, og ein kan få med seg kunst- og handverksutstillingar. Under Naturfestivalen er det dessutan tilbod om teltplass i tunet.

– Og så har vi eit variert vandreprogram. Første veka blir det mellom anna overgangstur frå Romedalen til Nordre Vartdal på onsdag. Vi startar med buss frå Ørsta og endar turen med god mat i hyggeleg lag på Vartdal camping. Torsdag blir det aktivitetsdag på Trandal, der ein kan velje mellom topptur til Trandalhatten eller bygdevandring før ein avsluttar med middag på Christian Gaard, seier Dahl.

Der er også fleire andre flotte turar å velje mellom. Fullstendig program kan ein finne i faldaren som ligg ute mange stader, inkludert turistkontoret på Alti Ørsta. Dei fleste turane har påmelding seinast dagen før.

Romedalscampen er siste helga i juli, altså om ei veke.

På fredagen blir det rigging av teltcamp. Eskil Rønningsbakken er campsjef også i år.

Det blir fleire aktivitetsstasjonar på campområdet: Det vert padling, fisking, spikking, akrobatikk, yoga, kompasskurs og natursti.

Yoga i Romdalen. Foto: Eskil Rønningsbakken

Om kveldane samlar ein seg i lavvoen eller ved bålet, og det blir til og med ekte sirkusframvisning.

– Vi må også nemne at vi har eit godt samarbeid men Sommarljom, som i år kjem i første festivalveka. Mellom artistane finn vi Lars Vaular, Valkyrien Allstars og Sam Amidon, seier Dahl.