Sunnmøre friluftsråd arrangerer vinterferietilbod for elevar i ungdomsskular på Sunnmøre.

Det fortel Volda kommune på si heimeside.

Målgruppa er ungdom i ungdomsskulen frå familiar som kanskje ikkje har råd til å reise på ferie, som manglar vinterutstyr, har føresette som ikkje likar vinterfriluftsliv eller er nye landsmenn eller ukrainske flyktningar.

Leiren blir arrangert i Sykkylven frå ettermiddagen tysdag 20. februar til og med laurdag 24. februar.

Det blir ordna med ski og anna vinterutstyr til dei som ikkje har eige utstyr.

Sunnmøre friluftsråd har bestilt ein eigen turbuss som går frå Volda via Ulsteinvik og Moa til leirstaden i Sykkylven.

Vinterferieleiren med reise, overnatting, mat, aktivitetar og eventuelt heiskort er gratis.