To fylkesvegar i Ørsta kommune vart stengde i kveld klokka 20.00 på grunn av snøskredfare.

Dette gjeld fylkesveg 5912 på vegstrekninga mellom Stavset og Standal i Hjørundfjorden og fylkesveg 655 gjennom Norangsdalen.

Begge stader er det altså fare for skred som er årsaka til vegstengingane.

Ny vurdering for opning skal gjerast på begge vegstrekningar laurdag klokka 12.00, melder Vegtrafikksentralen midt.