Den ekstra vaksinasjonsdagen er måndag 20. november.

– Vi ynskjer å få unna vaksinasjonen før influensaen kjem. Når det gjeld korona, er den sjukdommen så absolutt her no, men det er ikkje for seint å vaksinere seg for dei som enno ikkje har fått sjukdommen, seier kommuneoverlege Marte Vaage Øie.

Den ekstra vaksinasjonsdagen er på Ørsta helsestasjon, og det er ope for vaksinering frå kl. 14.00 og utover.

I utgangspunktet er vaksinane for tilrådde grupper. Det vil seie for dei over 65 år, og dei som eller vert definerte innanfor risikogrupper.

Helsestasjonen ber om at dei som ynskjer å vaksinere seg, ringjer for timebestilling på førehand. Det er 150 influensavaksinar til rådvelde, og det kostar 200 kroner å vaksinere seg mot influensa. Vaksinane mot covid-19 er gratis.