Eiksundtunnelen vart stengt søndag ettermiddag

– Tunnelen er stengt grunna bilberging, melder Vegtrafikksentralen klokka 17.41.

Vegtrafikksentralen melder til Sunnmørsposten klokka 17.43 at det er usikkert kor lang tid tunnelen er stengt, sidan politiet må rekvirere bilberging.

I ei oppdatering frå Vegtrafikksentralen opplyser dei at det blir sett inn leiebil for å dirigere trafikken fram til bilberginga er gjennomført.