Lions Club Ørsta gjennomførte siste helga i april tulipanaksjon, skriv Lions Ørsta i ei pressemelding.

– Det er ei fantastisk moglegheit å kunne gi tulipanar som pyntar opp kvardagen til bebuarar og dei tilsette. Vi ser kor dei lyser opp! seier Kim Thorup i Lions.

Overlevering av tulipanar til tilsette ved Viketunet. Foto: Marius S. Lianes

Mitt Valg

– Overskotet frå aksjonen går til programmet Mitt Valg, som utviklar gode læringsmiljø for bygging av sosiale og emosjonelle ferdigheiter til born og unge. Slagordet for aksjonen er «Det er betre å byggje born enn å reparere vaksne», står det i pressemeldinga.

– Vi ønsker å rette ein stor takk til både privatpersonar og næringslivet i Ørsta som er med på å støtte aksjonen vår, seier Kim Thorup avslutningsvis.

Bukettar i fleng til Vartdal Helsetun. Foto: Bjørn Helset