Ørsta kommune inviterer alle til å delta i ei fotokonkurranse.

På si heimeside skriv kommunen blant anna:

«Vi ønsker bilde i kategoriane folkeliv og natur. Det kan vere bilde frå alle årstider, frå bygdene og frå sentrum og blinkskot frå opplevingar og aktivitetar, enten åleine eller saman med andre.

Bildet/bilda som vert sendt inn kan bli brukt i kommunen sine trykte og digitale publiseringar, inkludert heimesida, sosiale medium, annonser, planar, m.m. Fotografen vert kreditert ved bruk.»

For å delta må du følge/like Ørsta kommune på Instagram eller Facebook, og deretter legge ut bilde på ein av desse plattformane. Bilda kan også sendast på e-post til kommunen.

Frist for innsending er 1. januar. To vinnarar vert trekte ut, og dei får eit gåvekor frå Ørsta kulturhus på fem hundre kroner.