Widerøe følgjer med på værsituasjonen, og vil fortløpande vurdere om flya skal i lufta eller ikkje.

Til VG seier kommunikasjonsrådgjevar Lina Lindegaard Carlsen hos Widerøe at passasjerane skal møte på flyplassane som normalt, med mindre dei har fått anna beskjed.

Oversikta frå Widerøe syner at Oslo-flyet som skulle lande 10.30 gjorde vendereis.

***

Kl. 12.39 melder Avinor at avgangen frå Ørsta - Volda lufthamn til Oslo kl. 13.15 er innstilt.

Kl. 13.22 går det fram av Avinor sine sider at også avgangen 16.15 er innstilt.

Kl. 15.59 varslar Avinor at det fyrste kveldsflyet til Oslo heller ikkje går. Turen frå Oslo der flyet skulle lande kl. 17.55 er innstilt.