Det er fleire som har reagert på at det ikkje vert skidag for grunnskulen hos Ørsta skisenter i vinter. Etter at kommunestyret stramma inn på budsjettet, har oppvekst og skule valt å kutte vekk skidagen.

Både einskildpersonar og foreldreutval har vendt seg til kommunen, og argumentert for at skidagen må halde fram. Kommunalsjef Flø skjønar engasjementet.

– Kommunestyret vedtok eit svært stramt budsjett for 2024, og det fører til at vi har mindre pengar å bruke til oppgåver som ikkje er lovpålagde. Dessverre er skidagen til Bondalseidet eitt av tilboda som fell vekk i år. Ein viktig grunn til dette er at kommunen bryt gratisprinsippet når vi arrangerer skidag som legg opp til at elevar må bruke av eigne midlar til å kjøpe m.a. heiskort. Dersom vi skal dekke denne utgifta for alle elevar som ønskjer det, blir det meir enn ei dobling av utgiftene i høve til tidlegare år, forklarar Flø i brevet.

Kommunalsjef Kari Flø. Foto: Ørsta kommune

Ho er samd i at skidagen er ein dag mange gler seg til.

– Så er det nok slik at ein del møter denne dagen med motsett forteikn, at det er ein dag prega av stress og kjensle av utanforskap. Dette er eit dilemma vi ofte står i når grunnskulen skal femne om mangfaldet av elevar, skriv Flø.

Ho peikar også på at det er mogleg å organisere skiaktivitet utan at det nødvendigvis er ein skidag på Bondalseidet.

– Og akkurat i vinter har Ørsta skisenter eit svært godt tilbod med gratis kveldskøyring for alle elevar i Ørstaskulen, så det er godt mogleg å betre skiferdigheitene for dei som ønskjer det. Her kan t.d. foreldregrupper gå saman om køyring og henting, skriv Flø.

Sjølv om det ikkje vert skidag i år, kan det verte seinare år.

– Vi skal jobbe vidare med å sjå på ein modell der skidag til Bondalseidet framleis kan vere ein av aktivitetane for elevar i Ørstaskulen. På grunn av kommuneøkonomien, gratisprinsippet og at vi skal ha aktivitetar som i størst mogleg grad er inkluderande for alle, må vi gjere endringar. Det kan vere at vi må seie at det er utvalde klassetrinn som får tilbodet, og at ein elles legg opp til vinteraktivitetsdagar som er rimelegare å gjennomføre. Dette må både elevar og føresette få vere med å seie noko om, heiter det frå Flø.