Utvalet handsama sist veke ein søknad om å etablere ein turveg langs Åmdalselva frå Vatnevatnet og som vidare skal knyte seg til Tussavegen.

Det er grendelaget i Brautaset krins som har arbeidd med planane, og som har søkt om løyve til tiltaket.

Landbruksutvalet har handsama saka etter jordlova, og er skeptiske.

– Landbruksutvalet er positive til tiltak som gjev auka bulyst, men dette kan ikkje gå utover landbruksjord. Med omsyn til landbruksinteressene ville ein turveg lagt på vestsida av elva vere mest føremålstenleg, heiter det i vedtaket.