Det vert spyling med brannslangar og servering av vaflar og saft. Folk kan også sjå på stasjonen, bilar og utstyr. I Ørsta kjem også Sivilforsvaret, og viser fram kva dei har i beredskap. Open brannstasjon vert arrangert i veke 38 som ein del av den nasjonale Brannvernveka i regi av Norsk brannvernforening, Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap og forsikringsselskapet If, melder Ørsta kommune på si heimeside.

Tidspunktet for brannernveka er ikkje tilfeldig. Hausten markerer inngangen til ei tid på året då mengda av bustadbrannar vanlegvis aukar, blant anna som følgje av høgare straumforbruk og meir bruk av levande lys.