Sjølv om andelen som røykjer dagleg er halvert dei siste ti åra, er det framleis om lag 320.000 personar, eller sju prosent av befolkninga mellom 16 og 74 år, som røykjer dagleg, viser tal frå Helsedirektoratet. I Oslo og Akershus røykjer berre fem prosent, i Finnmark røykjer 12 prosent.

Helseminister Ingvild Kjerkol (Ap) meiner dette er altfor mange. Som helseminister har ho eit overordna mål: Ein tobakksfri generasjon, skriv Vårt Land.

Derfor ønskjer ho ei rekke nye forbod, tiltak og kampanjar vurdert i vinter og vår, viser Helsedepartementets tildelingsbrev til Helsedirektoratet for 2024:

Målet er å redusere tilgangen til tobakks- og nikotinvarer. Sigarettar og andre tobakksvarer skal utstyrast med nye åtvaringar. E-sigarettar til eingongsbruk skal bli forbodne og reklame for tobakks- og nikotinprodukt på internett og i sosiale medium skal avgrensast.

– Departementet jobbar for tida med nye forslag til endringar i tobakksskadelova, og desse vil etter planen sendast på høyring i våren 2024. Dette gjeld først og fremst forbod mot nettsal og utvidingar av røykjeforbodet, melder Kjerkol og skriv at ho håpar å kunne leggje fram ein lovproposisjon for Stortinget i år.

(©NPK)