Det vart vedteke av styret i Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) onsdag, skriv NOKUT i ei nyheitsmelding.

Doktorgradsprogrammet skal heite "Utdanning, språk og kultur", og gjev HVO utvida fullmakter til å opprette utdanningar på masternivå. Programmet er tett knytt til utdanningsvitskap og lærarutdanninga i Volda, som har funnest i over 100 år.

– Vi gratulerer Høgskulen i Volda med det nye doktorgradsprogrammet. Lærarutdanning har lange tradisjonar i Volda, og med denne akkrediteringa på plass blir det skriven eit nytt kapittel i høgskulens historie, seier NOKUT-direktør Kristin Vinje.

Komitéen som har vurdert søknaden, framhevar fagmiljøet i vurderinga si. Dei skriv mellom anna at det opplevast som relevant, variert og med høg kompetanse, skriv NOKUT.

Eit slikt doktorgradsprogram er ikkje berre ei fagleg annerkjenning, seier Vinje.

– Doktorgradsprogramma seier noko om den faglege kapasiteten innanfor eit bestemt fagområde, og dei gir institusjonen mogelegheit til å opprette utdanningar til og med masternivå innan fagområdet til dei akkrediterte doktorgradsprogramma utan å måtte søkje NOKUT i forkant. Det er ei tillitserklæring til høgskulen.

(©NPK)