– Det starta med at eg kjøpte meg ein seglbåt for å bu i. Etter ei stund tenkte eg: «kanskje eg også skal bruke han til å sigle. Og då sigle jorda rundt.» Eg gjekk på biblioteket i Ørsta, lånte boka «Ørnen er fri», som handlar om ei jordomsegling, og då var det avgjort.

Det fortel Kjell Arne Steinsvik, opphavleg frå Steinsvika. Komande søndag startar han og sambuaren Kristine Nygård, opphavleg frå Bergen, på det store eventyret. Dei skal segle jorda rundt, og bruke tre år på turen.

Dei to har vore i fast arbeid, og i sommar sa Kristine opp jobben i Ørsta kommune, medan Kjell Arne sa opp stillinga si som journalist i Møre-Nytt.

– Vi har tenkt gjennom heile vinteren at dette er noko vi ser fram til. Når dagen for avreise har nærma seg, kjennest det sjølvsagt spesielt å bryte opp. Du tenkjer at du skal vere vekk i tre år frå familie og venner. Eg gruar meg til å reise, men gler meg til eg har reist, fortel Kristine.

Sjekketriks

Ho møtte Kjell Arne i 2010. Då hadde Kjell Arne i eit par år sysla med tanken på å sigle jorda rundt.

– Eg møtte Kristine, sa eg hadde seglbåt, og spurde henne om ho ville vere med å sigle jorda rundt. Det var kanskje eit spesielt sjekketriks, vedgår Kjell Arne.

Kristine fortel at ho var litt overraska over spørsmålet.

– Men eg brukte ikkje meir enn eit par dagar, og sende han ei melding om at dette ville eg vere med på, fortel Kristine.

I 2011 flytta ho til Ørsta og til Kjell Arne. Dei har sidan budd saman i seglbåt. Fyrst i ein mindre båt, og dei siste to åra om bord i S/Y Emma.

– Alle spør oss om korleis vi greier å leve så tett på kvarandre. Då seier vi at vi ikkje må vere sure og sinte på kvarandre over lang tid. Elles vert det dårleg stemning, seier dei to med eit smil.

Dei to har erfaring med å vere lenge heimanfrå. Kristine har vore i fredskorpset i Kenya, og au pair i USA. Kjell Arne har vore eit halvt år som backpackar i Asia, og har haika seg gjennom heile Nord-Europa.

Men ingen av dei hadde erfaring med seglbåtar eller havet inntil for eit par år sidan.

Då dei bestemte seg for å følgje draumen om å segle jorda rundt, starta førebuingane.

Kristine selde leilegheita ho hadde i Bergen, og pengane brukte ho på å kjøpe den båten dei to har no. Kjell Arne har kjøpt seg inn i båen, men det er Kristine som står som reiar.

Der etter starta oppgraderinga av båten, samstundes som dei to sjølve måtte verte meir sjøvande. I fjor sommar sigla dei tur-retur Shetland. Der opplevde dei både heftig uver og svartstille.

Livsglede

No er det meste klart for avreise. Og dei to vedgår at det har kosta økonomisk.

– Med kjøpet av båten har vi brukt over ein million kroner. Truleg hadde det vore smartare å gjere som andre, og investere i hus og heim. Men vi investerer i livsglede. Det er ikkje gale det heller, seier Kjell Arne.

Søndag kastar dei altså loss. Fyrst går turen til Bergen, og der etter til Shetland, Fair Isle og Skottland. Det vert ein seglas over Irskesjøen, før Biscayabukta og der etter Kanariøyane. Der vert det ei kvild nokre månader, før turen går vidare til Kapp Verde, og derifrå over Atlanterhavet til Karibia.

– Vi har ikkje planlagt lenger enn til Panamakanalen. Vi vil ha god tid til å planleggje turen vidare undervegs, seier Kristine og Kjell Arne.

– Men turen vert i tempererte og tropiske strok. Vinter og is har vi ikkje så lyst å oppleve, seier dei to – klare for det store eventyret.