Onsdag klokka 12 blir det gjennomført varslingsprøve av varselet «Viktig melding – lytt på radio» frå alle aktive varslingsanlegg i landet.

Varselet blir sendt frå tyfonanlegg, og består av tre gonger tre lydsignal, med eitt minutts opphald mellom seriane.

I dag , 14. juni, er signalet berre ei teknisk prøve. I ein reell krisesituasjon betyr signalet at befolkninga skal søke informasjon på NRK Radio.

Varslingsprøvene blir gjennomført to gonger i året.