– Vi er inne i vårt 22. år som kor, og grunnstammen i koret er framleis med. Det er med stor glede vi har underheldt i alle desse åra, seier Harald Aambø og Ottar Løvoll.

God oppskrift

Dei er kjende for å besøke dei ulike institusjonane i Ørsta og Volda – frå alders- og sjukeheimar til Mork rehabiliteringssenter, fast to gonger i året, i tillegg til fleire små og store oppdrag rundt om på Sunnmøre og i Nordfjord.

– Vi kjem dit publikum er. Det er ei svært god oppskrift, og har vore svært vellykka. Det skal vi også halde fram med, men no prøver vi oss på noko litt nytt, og inviterer publikum til å kome til oss. Vi har teke steget og prøver å verte litt kommersielle, humrar Aambø.

Jensaløda på Leira er ombygd til å vere eit konsertlokale. Det er pianist John Inge Bjøringsøy som har satsa på dette. Han vert også med på kulturkvelden og skal spele. Koret har også fått med seg spelemann og historieforteljar Magnus Skjerdal.

– Det vert altså ikkje ein rein korkonsert, men ein kulturkveld der musikk, song og lyrikk står i høgsetet.

Mannskoret, med sine 19 menn, skal også synge under leiing av sin eminente dirigent Børge Hauge.

– Vi byd på alt frå Bellmann til Ivar Aasen. Vi låser oss ikkje fast i ein sjanger, men byd på eit variert program, fortel Løvoll.

No håper dei at mange vil ta turen til Leira laurdagskvelden.

– Det vert som ei lita innviing av løda dette. Det er vel første gongen at ho vert brukt til slike arrangement. Dette vert bra, lovar dei to.