(Sunnmørsposten): Dei tre andre bodgjevarane var kalla inn til Søre Sunnmøre tingrett tysdag for å vitne om korleis dei opplevde prosessen rundt sal av eigedomen til Volda sanitetslag.

Det saksøkte selskapet Tomteservice AS hevdar at dei ikkje på noko tidspunkt fekk munnleg informasjon om at Volda kommune hadde planar for hovudreinseanlegg på eigedomen. Då dei blei kjende med denne informasjonen, heva dei kjøpet.

Aurstad fekk ikkje informasjon

Eigedomsmeklar forklarte i retten måndag at dei gav munnleg informasjon om dette til dei som var på visning.

Men i retten tysdag kom det fram at fleire enn Tomteservice ikkje hadde fått slik informasjon. To av dei andre bodgjevarane forklarte at dei fekk informasjon om reinseanlegget på visninga, medan den tredje ikkje høyrde noko om planane.

Petter Olav Espe, økonomisjef i Aurstad AS, var på visning på vegner av arbeidsgjevaren.

Han forklarte at han ikkje fekk nokon informasjon frå meklar om kommunen sine planar om reinseanlegg.

Skulle plassere brakkerigg på tomta

Sjølv var han likevel kjend med forslag om pumpestasjon, men rekna med at det måtte ligge nede ved sjøen.

Espe er lokalpolitikar i Volda, og han stadfesta at han aldri har vore borti politiske dokument om reinseanlegg i dette området. Om politiske vedtak låg føre, ville han ha vore kjend med det.

Han såg ikkje behov for å ta kontakt med kommunen for nærare avklaring.

Aurstad tenkte å plassere brakkerigg på tomta i samband med arbeid i området. Dei ville bruke sanitetshuset til kantine og opphaldsrom. Når E39 blei flytta, var tanken å utvikle området sjølv eller saman med andre. Siste bod frå dei var 4,6 millionar kroner.

Ville lage hybelhus

To andre bodgjevarar forklarte seg derimot om at dei hadde fått munnleg informasjon om eit mogleg reinsenlegg.

Kjell Fure driv med utvikling av eigedom i Ålesund og såg for seg å oppgradere sanitetshuset til hyblar.

Han stadfesta i retten at han fekk opplysningar om reinseanlegget munnleg, men for han var ikkje eit eventuelt reinseanlegg ei stor sak. Han tenkte det var ein stor eigedom. Han skulle ikkje rive huset og bygge fleire bustader, så for han var det ikkje noko ulempe.

Han gav seg med siste bod på 3,5 millionar i bodrunden. Og reinseanlegg hadde ikkje nokon innverknad på bodet.

Ville bu på eigedomen sjølv

Knut Endre Heltne la inn bod med tanke på å bruke eigedomen til bustadhus. Og han forklarte at han på visning fekk opplyst at Volda kommune hadde vist interesse for eigedomen med tanke på plassering av reinseanlegg.

–Det var ikkje noko bombe, for det hadde vore omtalt i avisene, sa Heltne som visste at det ikkje fanst noko vedtak.

Reinseanlegg-planar hadde heller ikkje noko innverknad på bodet hans, som gjekk til 4,8 millionar kroner, 100.000 under det Tomteservice fekk tilslaget på.

–Mi største uro var E39, og eg kontakta vegvesenet. Dei sa at bustadhus til ein familie krev bruksendring, og at det burde gå bra, men noko meir utbygging kunne eg gløyme så lenge E39 ligg der, sa Heltne.

Tomteservice sine planar var å utvikle området med leilegheiter, liknande eit prosjekt dei har i Ulsteinvik.

Denne saka vart først publisert av Sunnmørsposten.