– 2,7 millionar kroner skal gå til planlegging og drift av Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU).

– 1,2 millionar kroner til å planlegge ei desentralisert grunnskulelærarutdanning.

Begge studietilboda er i samarbeid med Campus Kristiansand (CKSU).

Gjennom å etablere desentralisert grunnskulelærarutdanning (DGLU) og PPU ved Campus Kristiansund, vil HVO nå studentgrupper som så langt ikkje har hatt tilbod om slike utdanningar i sin nærregion.

– Vi kjem til å tilby både PPU-allmennfag og PPU-yrkesfag på deltid i Kristiansund frå hausten 2023, seier studieleiar Bjørnar Sæterås ved Praktisk pedagogisk utdanning i Volda til fylkeskommunen.

– Sæterås sin kollega, seniorrådgjevar Ole Frank Bakken ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning, seier at planlegging og oppstart av desentralisert grunnskolelærarutdanning på Nordmøre vil krevje mykje ressursar: - I første omgang søker vi midlar til å utvikle fleksibel og desentralisert grunnskolelærarutdanning, og truleg legge til rette for oppstart hausten 2024.

Midlane er ein del av til saman 184 millionar kroner, som regjeringa fordeler til desentraliserte utdanningar.