Bruk og kast er ut, medan å ta vare på tinga våre og reparere dei er innafor.

Dermed arrangerer Ørsta Husflidslag såkalla fikselaug komande laurdag, og det skal skje på Ørsta folkebibliotek.

– Alle som vil kan kome innom og bli inspirert til å reparere og fikse kleda sine sjølv. Husflidslaget stiller med utstyr, rettleiing og tips, fortel Solveig Grimstad, leiar i Ørsta Husflidslag.

Ho fortel vidare at Norges husflidslag har Haldbart som eit av sine satsingsområde.

– Inne i dette ligg også prosjektet «Alt kan fiksast», som er eit prosjekt for å inspirere og lære folk å fikse og ta vare på kleda sine. Norges husflidslag håper at prosjektet skal spreie materialkunnskap, og kunnskap om reparasjons- og handverksteknikkar. Og fikselauget er altså ope for alle, uansett ferdigheitsnivå.

– Vi håper at mange vil leite litt i klesskapa sine og finne fram klesplagg som berre treng litt fiksing og omsorg for å bli brukbare igjen. Det treng ikkje vere vanskeleg å fikse kleda dine sjølv, seier Grimstad.