Forskarar og firma har i mange år brukt årringar i bygningstømmeret for å datere sjølve bygningen, såkalla dendrodatering. Men det er først no det er kome felles retningslinjer for prøvetakinga og korleis prøvene skal tolkast.

Den nye rettleiaren er laga av Vestfold og Telemark fylkeskommune med bidrag frå Agder fylkeskommune.

– Dateringane av bygningar er nøkkelinfo for korleis styresmakter og privatpersonar skal ta omsyn til dei gamle bygningane våre. Dendrodatering kan bidra til ny kunnskap som påverkar korleis vi forstår bygningsarven og korleis vi forvaltar han, skriv riksantikvar Hanna Geiran i ei pressemelding.

Helleloftet i Setesdal vart freda etter datering av tømmeret. Lokalmiljøet protesterte sterkt mot at loftet vart kjøpt og flytta til Osloområdet i 1975. I 2022 kom det attende til garden Helle Der Nede. Foto: Alexander Myrseth / Riksantikvaren

Ny status

Dendrokronologisk datering blir vanlegvis gjort ved å hente ut boreprøver frå bygningstømmeret. Det finst også metodar som ikkje inneber fysisk inngrep i bygningen.

Når eit bygg er eldre enn 1537, er det automatisk freda. Det same gjeld samiske kulturminne frå 1917 eller eldre. Bygningar frå mellom 1537 og 1649 blir vurdert av Riksantikvaren. Her er årringsdateringane avgjerande.

– Alderen på desse bygningane kan vi finne ved hjelp av dendrodatering. Med rettleiaren vil vi bidra til at alle daterer riktig første gongen. Vi er opptekne av at dateringar skal skje på ein lik og etterprøvbar måte, skriv Geiran.

Dendrodatering kan også avdekkje eldre og upresise dateringar gjort på bakgrunn av byggjeskikk og bygningstypar. I nokre tilfelle kan det også føre til at fredingsstatus må endrast etter at eit byggverk er datert, skriv riksantikvaren.

Ei freding gir konsekvensar for eigar, til dømes for kva dei har lov til å gjere med bygningen og om dei kan søkje tilskot til istandsetjing.

(©NPK)