Onsdag vart Rufo AS i Hovdebygda sertifisert som miljøfyrtårn.

– Rufo AS hadde stort sett alt på plass frå før for å få sertifiseringa, det var berre å få inn rutinar og dokumentasjon, seier Heidi Mariell Myklebust som fekk ansvaret for at sertifiseringa vart realitet i Rufo.

Før koronapandemien var dei fleste av kundane deira innan arbeidsområdet lyd og lys, men då måtte dei tenke nytt. Det resulterte i at dei no har mesteparten av kundane sine innan offshoreindustrien, skriv Ørsta kommune.

Rufo tilbyr også livstidsgaranti på sine produkt, noko som betyr at dei har høg kvalitet og reparer om noko går sund, heiter det i grunngjevinga.