Personar eller verksemder som bidreg til å fremje føremålet med ordninga utvalde kulturlandskap i jordbruket, kan no søkje om tilskot til tiltak som skal gjennomførast i Hjørundfjorden og Norangsdalen.

Det skriv Ørsta kommune på si heimeside.

I 2024 har Statsforvaltaren i Møre og Romsdal tildelt utvalde kulturlandskapet Hjørundfjorden og Norangsdalen ei ny ramme på kr 780.000. 60% av den nye ramma går til årleg skjøtsel.

Søknadsfristen er 15. april 2024.

Målgruppa for ordninga er personar eller verksemder som bidreg til å fremje føremålet med ordninga. Dette kan til dømes vere grunneigarar, drivarar, landbruksføretak, lokale entreprenørar/gründarar, organisasjonar, foreiningar med fleire. Dersom søkjar ikkje er grunneigar, må det ligge føre løyve frå grunneigar og eventuelt andre rettshavarar for å gjennomføre tiltak.