Ein bil har køyrt utfor vegen i Hovdebygda, og politiet skriv på Twitter litt etter 1730 laurdag:

«Hovdebygda E-39 ved flyplassen, eit einsleg kjøretøy har køyrd ut av vegen og gjennom et gjerde. Personen er ute av bilen og er oppegåande. Naudetatane rykker ut.»

I følge andre opplysninar Møre-Nytt har fått, så skjedde utforkøyringa på Hovdestripa, ikkje langt frå glattkøyringsbana.

– Førar avhøyrt og førarkortet beslaglagt. Saka vert meld. Politiet har avslutta på staden,melde poltiet seinare på kvelden.