Tenåringen, som er busett i Ørsta kommune, var tidlegare straffedømt for brot på straffelova og vegtrafikklova. Han var no sett under tiltale ved Søre Sunnmøre tingrett, og det var åtte tiltalepunkt mot guten. Han var tiltalt for fire valdshendingar, øydeleggingar på ein bil, tre tilfelle av promillekøyring, ei bilulykke, køyring utan gyldig førarkort, biltjuveri, fleire tilfelle av hærverk og guten skal ha nekta å følgje ordre frå politiet. Den tiltalte møtte i retten og erkjente seg delvis skyldig etter tiltalen.

Retten poengterte at alle episodane med vald var knytt til alkohol, og at dei tre tilfella med promillekøyring var alle med promille på over 1,2.

I Søre Sunnmøre tingrett vart tenåringen dømd til ti månader i fengsel. Fem månader av fengselsstraffa er på vilkår, og det er sett ei prøvetid på to år. Han er dømd til å betale ei bot på 20.000 kroner, subsidiært fengsel i femten dagar. Tenåringen er dømd til å betale erstatning til sju ulike partar, og han er dømd til å betale oppreisningserstatning til tre personar. Tenåringen er frådømt retten til å føre førarkortpliktig motorvogn i fem år, og må betale 4.000 kr i sakskostnader til det offentlege.