– Vi bør vurdere Lillehammer som ein mogleg skule å samarbeide med, sa styremedlem Terje Heggem i innleiing av debatten om den såkalla struktursaka i styremøtet til Høgskulen i Volda torsdag.

Dagen før var det styremøte ved NTNU, og der vart det vedteke at dei ønskjer ein fusjon av NTNU, Høgskolen på Gjøvik og Høgskolen i Ålesund. Dermed ser det ut til at Ålesund ikkje blir ein del av ei eventuell samanslåing av skulane i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane.

Held fast på vedtak

Styret ved høgskulen held likevel fast på at dei ser ein fusjon av skulane i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane som det mest tenlege, om det ikkje er mogleg å halde fram som eigen institusjon. Alle avdelingane, fagforeiningane og Studenttinget ønskjer å halde på sjølvstendet.

I vedtaket blir det likevel opna for å sjå på Høgskolen i Lillehammer som ein nær samarbeidspartnar. Styret viser til at høgskulane i Volda og på Lillehammer har fleire likskapar når det gjeld fagportefølje og distriktsprofil. Under diskusjonen lufta fleire ideen om ei samanslåing av Volda, Sogn og Fjordane, Lillehammer og eventuelt Molde.

– Her har vi ein situasjon der NTNU og dei andre universiteta ser ut til å kunne plukke fusjonspartnarar fritt. Det er vanskeleg for regjeringa å tenke heilskap, om dei lar universiteta velje frå øvste hylle, utan å tenkje på kva ein skal gjere med resten av høgskulane. Eg ser konturane av ei dårleg nasjonal løysing her. Men vi må likevel tenke offensivt og skissere løysingar som er gode for oss, sa Arvid Blindheim.

– Det er svært viktig for oss å signalisere at vi skal vere den viktigaste lærarutdanningsinstitusjonen mellom Bergen og Trondheim, gjerne i samarbeid med Høgskulen i Sogn og Fjordane, sa rektor og styreleiar Per Halse.

Lærarutdanning

Det er nettopp lærarutdanninga som gjer at regjeringa har gitt klare signal om at Høgskulen i Volda ikkje kan halde fram som sjølvstendig institusjon. Lærarutdanninga blir nemleg ei femårig masterutdanning frå 2017, og kunnskapsdepartementet meiner det er ikkje er mogleg for Volda og tilsvarande skular å tilby eit godt mastertilbod for lærarar med dagens struktur.

– Når det gjeld lærarutdanning, er det først og fremst Høgskulen i Sogn og Fjordane vi bør sjå til, sa Pål Hamre.

HISF har på si side stått hardt på sjølvstendelinja, sjølv om det er mange meiningar internt i institusjonen. Det same har Høgskulen i Molde.

Per Halse er rektor ved Høgskulen i Volda.