– Når livet ditt står i nadir – det totale botnpunkt – då er håpet det einaste du har att.
Bildet som skal gje ny von: Svein Eiksund og konsertkonfransier og medspelar Øyvind Holsvik overrekkjer måleriet «Nadir» til sjukepleiar Elisabeth Runde Strand og lege Bottolf Lødemel. Eiksund gjev denne tolkehjelpa: – Dei mørke skyene over det einslege naustet talar utan ord. Bak skyene ein stad varmar sola og gjev von om lysning og ein ny soloppgang. Roy A. Dahl har måla bildet – med perspektiv frå Flø i Ulstein – mot Runde i Herøy.
Foto: KNUT ARNE AARSET