– Vi er godt nøgde. Den første halvtimen var kjempebra, og så var vi dårlege i siste kvarteret av 1. omgang. I 2. omgang har vi bra kontroll sjølv om det er litt rufsete. Vi skårar tre mål, men kunne ha skåra det dobbelte. I tillegg held vi nullen. Så det var ein bra start, seier Einar Arne Roth som saman med Bjarte Flåskjer trenar Vartdal.

Verken Åmdal eller Vartdal klarte å feste grepet om kampen og skape målsjansar i opninga av lokaloppgjeret, men Vartdal fekk ballen til gå utover i omgangen. Steffen Roth vart skadd tidleg i kampen, og Jostein Bjørlykhaug hadde eit godt innhopp. Etter tjue minutt avslutta han i tverrliggjaren frå hjørnet av 16-meteren. Fem minutt seinare fann han Erling Vole i feltet som sendte Vartdal i føringa. 10 minutt seinare fekk Rolf-Audun Vartdal vendt opp på tolv meter og dobla leiinga på vakkert vis. Åmdal sin største sjanse i 1. omgang kom to minutt før pause, men Allan Kjærbech fekk sendt frisparket frå Kai Robin Myklebust til hjørnespark.

Tre minutt ut i 2. omgang fekk Bjørlykhaug ein stor sjanse til å punktere kampen, men avslutninga gjekk utanfor. Då timen var spelt avslutta Myklebust i stolpen, og returen sette Torbjørn Brandsæter i tverrliggjaren. Åmdal hadde ikkje marginane på si side. Utover i omgangen fekk Vartdal store rom å springe i. Vole, som var banes beste spelar, vart spelt gjennom, og lobba inn 3–0 på elegant vis. Mot tampen av kampen hadde både Åmdal og Vartdal store sjansar, men ingen av laga fekk teljande resultat.

Åmdal-trenar Svein Erik Grevsnes var skuffa etter kampen.

– Vi taper fortent, men det er surt at vi ikkje klarer å lage mål. Vi har nokre målsjansar, men Vartdal kunne sjølvsagt skåra meir i 2. omgang. Det er litt utgjort at vi på 0–2 først avsluttar i tverrliggjaren og så i stolpen. Hadde vi fått 2–1 då så hadde kanskje kampen sett litt annleis ut, seier Grevsnes.

Resultat frå 5. divisjon

Sunnylven/Stranda 2 - Sæbø 1-4

Åmdal - Vartdal                       0-3

Stordal - Ravn                        5-2

Åram/VanKam - MSIL              1-0

Hasundgot - Vigra                   1-7

Hovdebygda - Ørskog            (tors)

Jostein Bjørlykhaug kom inn for ein skadd Steffen Roth tidleg i kampen, og hadde ein god kamp.