– Det er heilt uaktuelt for oss å flytte hestesporten frå Utstillingsplassen før vi har noko permanent å gå til.

Det var den klare beskjeden til Ørsta formannskap frå Elisabeth Busengdal, Madsi Vartdal Vinjevoll og Anita Mari Brekke.

Etter at vedtaket om å bygge fleirbrukshall på Utstillingsplassen kom, har hestesportsinteressene i bygda sett mot Mosflata, og søkt om å få etablere eit nytt hestesportsanlegg der. Søknaden sende dei i april, men dei har framleis ikkje fått svar.

– Til no har vi brukt fleire titals tusen av hardt oppsparte dugnadsmidlar til prosjekt som ikkje har ført fram, og vi har levd lenge på dårlege vilkår på midlertidig grunn på Utstillingsplassen. Vi kan ikkje tillate oss å bruke ein haug av pengar på eit nytt midlertidig område. No har de sjansen til å avslutte ei lang sak. Gjer vedtak no og lov oss permanent plass på Mosflata, oppmoda dei tre.

Men så enkelt var det ikkje.

– Det prekære i denne saka er at hestesporten står utan bane den dagen vi startar bygginga av fleirbrukshallen. Rådmannen har gått så langt rådmannen kan gå, og har sagt at hestesportsinteressene kan disponere eit område på Mosflata midlertidig, fram til der kjem ein meir overordna plan for området. Kommunestyret har bede om ei utgreiing om etablering av hestesport på Mosflata, og den kan tidlegast kome i september. Lenger kan vi ikkje gå i dag, fortalde Eldar Øye frå administrasjonen.

– Saka er ganske enkel, meiner Anita Mari Brekke.

– Mosflata er regulert til idrett, og vi er idrett. Og vi er klar til å starte opparbeiding av bane no, slik at Utstillingsplassen vert fristilt til bygging av fleirbrukshallen. Men då må vi ha eit vedtak som seier at vi får rå over grunnen.

Paul Kristian Hovden (KrF): – Eg meiner vi må vere forsiktige med såkalla frimerkeregulering. Det har vore sagt at når hallen vart flytta frå Mosflata til Utstillingsplassen, så var det ikkje sikkert at Mosflata lenger skulle verte brukt til det som det var tenkt til. Kanskje skal der vere næring? Vi må sjå på dette i ein heilskap og ikkje regulere stykkevis og delt.

Tove Halse Digernes (Sp): – Eg kjenner på ei grusom utolmodigheit. Vi har høyrt om denne saka i fleirfaldige år, og eg forstår interessene og føler også ei slags forbigåttheit. Snakkar du med nokon om fotball og handball, så er det idrett. Hest er hobby. Det er ei undergraving av autoriteten til idretten. Eg trur her er ei vilje til å vere løysingsorientert. Vi vil ta dette med oss vidare, og vi må få løyst dette, så snart administrasjonen seier at dei er klare til at vi kan gå vidare.

– Å ha eit integrert hestesportsanlegg så nært sentrum vil vere unikt. Får vi til dette trur eg Ørsta vil ha noko heilt spesielt å by på ein gong i framtida, kommenterte Eldar Øye.

Noko vedtak kunne derimot ikkje formannskapet by på, og hestesportsinteressene måtte gå heim med uforretta sak.

– Vi er glade for at enkelte politikarar gir positive signal om at dei ynskjer å få realisert eit hestesportsanlegg på Mosflata, men vi er svært skuffa over manglande handlekraft. Vi har fått signal frå representantar frå administrasjonen om at vi har vore ein brikke i politisk spel. Dette begynner vi å tru er sant.