Det såg dramatisk ut etter kollisjonen i Barstadvik laurdag ettermiddag.

To bilar kolliderte på E39, på brua over Storelva. Den eine bilen hamna utfor vegen, like ved elva.  Den andre bilen vart verande på vegen, på andre sida av brua.

Bergingsmannskap på staden melder at det er snakk om lettare personskadar, og ambulansar og luftambulanse tok med seg dei skadde til Volda og Ålesund sjukehus.

Det var full utrykking med allle utrykkingseiningar då meldinga om kollisjonen kom kring kl. 13.00 laurdag.

To bilar var altså involverte i ulykka, og til saman fire personar var i bilane. Tre vart frakta til Volda sjukehus, og ein med luftambulanse til Ålesund.

Det var glatt på vegbana då ulykka skjedde.

Det var mange bildelar som låg att på vegbana etter kollisjonen, og det tok tid å få rydda vegen slik at trafikken kunne gå som normalt igjen. I mellomtida var det omkøyring på fylkesvegen rundt dalen.