Fire personar er mistenkte for å ha fyrt av fyrverki i Ørsta natt til måndag. Dette er ulovleg.
Natt til måndag stoppa politiet ein bil med fire yngre menn. Alle er i tenåra.
I bilen låg det både brukt og ubrukt fyrverkeri. Dette vart inndrege av politietr.
I løpet av det siste døgeret har politiet teke i mot meldingar frå fleirfe pm, ulovleg bruk av fyrverkeri, og i tillegg meldingar om kraftige smellar og støy i Ørsta og Volda.
Politiet etterforskar saka.