Det åtvarar Kirsti Øy Driveklepp, seksjonsleiar skule i Ørsta kommune, i ei orientering til formannskapet.

- Situasjonen er svært vanskeleg, og vil to år fram i tid vere uforsvarleg om ikkje det blir gjennomført tiltak, skriv Driveklepp.

Det var akutt ved dei to skulane allereie i 2016. Då la skuleseksjonen og eigedomsskulen fram ei felles prioriteringsliste med akutte tiltak.

Situasjonen

Ved Velle er det fare for at sløydsalen og personallokale på loftet kan bli stengde på kort varsel på grunn av branntekniske tilhøve. Då vil skulen anten mangle personalrom eller fire klasserom. Det er usikkert kva brannsikring ved Velle skule vil koste, men eit nybygg er kostnadsrekna til 25 mill. kroner. Det er sett av 3.750.000 kroner til Velle skule i 2017-budsjettet. Ifølgje noverande økonomiplan for Ørsta kommune er det planlagt investering i nybygg på Velle i 2018.

Ved Vikemarka skule er det ikkje lovleg å bygge nye klasserom før fonnvernet på Vallabøen er på plass. Det er likevel høve til å bygge grupperom.

- Dette er med i budsjettet, men verken planlegging eller bygging er i gang. Det same gjeld tiltak ved Velle skule, med unntak av parkeringsplassen, skriv Driveklepp. Det er sett av 5.940.000 kroner til grupperom ved Vikemarka skule i 2017-budsjettet.

– Uforsvarleg

Dagens svært vanskelege situasjon blir verre om eit par år. Då vil situasjonen ifølge Driveklepp vere uforsvarleg om ikkje hastetiltaka blir gjennomført omgåande.

Då må det finnast andre lokale til skulane. Ifølgje Driveklepp er det ikkje plass til nok paviljongar på skuleområda.

På sikt kan ein ny Ørsta vgs. kome på plass. Det vil frigjere areal til Velle skule, men dette ligg eit stykke fram i tid.

- Elevtalsauken i nærområda til Velle og Vikemarka medfører at elevane som soknar til desse skulane verken har nok rom eller gode nok rom, det siste har dei til felles med elevar frå fleire andre skular. Det seier seg sjølv at dette får stor negativ innverknad både for læringsarbeidet og for fysisk og psykisk skulemijø og dermed helsa til elevar og tilsette, skriv Driveklepp.

Dersom ikkje planlegging av bygging av nye klasserom og grupperom ved Velle og Vikemarka ikkje skjer omgåande, ser ikkje skuleseksjonen noko anna løysing enn å måtte gjenopne Lystad skule til bruk for dei eldste klassetrinna på Velle og Vikemarka skular.

- Dette vil medføre store ekstrautgifter til drift, vedlikehald, skyss og er inga god løysing, men vanskeleg å kome utanom slik stoda er no. Det er også tvilsamt om Lystad skule er stor nok til dei behova som finst. Skulen har dessutan vore ute av drift i åtte og treng nok ein del oppgradering før han er klar til bruk, skriv Driveklepp.

På lengre sikt er det venta at elevtalet ved Ørsta ungdomsskule når rundt 400 elevar i 2023. Då vil det vere behov for meir areal også her.

Seksjonsleiar: Kirsti Øy Drivklepp er seksjonsleiar skule i Ørsta kommune. Foto: Janne-Marit Myklebust