– Det er ingen tvil om at det kostar mindre å køyre elbil enn andre bilar. Ladar du elbilen heime slepp du unna med om lag ein tredjedel av drivstoffkostnadene til ein bensin- eller dieselbileigar i året, seier Nils Sødal, senior kommunikasjonsrådgivar i NAF, i ei pressemelding.

Han er difor litt overraska over tala i undersøkinga, som Norstat har gjort på vegner av NAF. Dei har rekna på drivstoffkostnadene for ulike bilmodellar, og den som kjem billegast ut, er Volkswagen ID4. Den har berre 26 prosent av drivstoffkostnadene til ein gjennomsnittleg dieselbil.

Med forskjellen i straumprisane vi har i dag, varierer lønnsemda sjølvsagt mellom nord og sør.

– Det har aldri vore meir lønsamt enn no å velje elbil i Nord-Noreg, der bensin og diesel vanlegvis er dyrast og straumen framleis er billeg, slår Sødal fast.

Dei høge straumprisane har førebels ikkje hatt noko å seie for salet av elbilar. Så langt i år er fem av seks nye bilar ein elbil, og nyleg rulla elbil nummer 500.000 ut på norske vegar.

(©NPK)