Det er første gong det blir gjort så omfattande kliniske studiar på stillesitjing i Noreg, skriv VG. Forskarane skal måle kva som skjer med blodfeitt, glukose, insulin, blodtrykk, opplagtheit og mental prestasjonsevne når ein bryt opp stillesitjande tid med fysisk aktivitet.

Så langt har flest kvinner meldt seg på, så det trengst fleire menn for å få ei jamn fordeling.

Eit team med sju forskarar blir leidd av Melina Meyer Magulas, doktorstipendiat ved Institutt for idrettsmedisinske fag ved Noregs idrettshøgskole (NIH).

I to parallelle studiar ser forskarane på kor ofte du skal bevege deg og kva intensitet som skal til for å ta vare på helsa best mogleg. Det skal vere med 30 deltakarar frå 20 til 45 år. Dei sit mykje stille, men er friske, og dei skal halde fram sine vanlege liv medan dei er med i forskinga.

– Når vi veit meir om dette, vil det vere lettare for mange å setje inn tiltak. Sjølv om du trenar fleire gonger i veka, kan det likevel vere negativt for helsa å ha lange periodar med passivitet, seier Magulas til avisa.

I gjennomsnitt sit vi stille 9,2 timar per dag eller 60 prosent av vaken tid, noko som aukar risikoen for fleire sjukdommar og lidingar, ifølgje FHI.

(©NPK)