Det skriv Ørsta kommune på si heimeside.

Og vidare:

– Dette betyr at vi for tida ikkje kan tilby barn og unge gratis leige av fritidsutstyr. Kommunen leitar etter løysingar, og håpar å finne eit betre lokale så snart som råd.

Utlånssentralen er drifta av småjobbsentralen og har alt i frå ski til sparkesyklar og skateboards, som den som vil i Ørsta har kunne fått låne utan kostnad.

Så seint som i 2022 fekk Ørsta kommune 250.000 kroner frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet i tilskot til inkludering av barn og unge.