Dykkarar har vore viktige i arbeidet med å kartleggje omfanget av hamnespy i Noreg, skriv Havforskingsinstituttet. Sommaren 2023 vart hamnespy dokumentert med undervassfilm av havforskarar for første gong.

– Nokre stadar er det etablert tette matter med hamnespy, medan andre stadar er det meir spreidde koloniar, seier forskar ved Havforskingsinstituttet, Vivian Husa.

Dykkarane dokumenterer spreiinga fortløpande.

– Det er viktig å kartleggje for å følgje utviklinga av denne pestarten i Noreg, fordi då kan ein få eit godt bilde av kor fort han spreier seg, kor mykje det blir av han på ulike stadar og kva naturtypar som kan bli påverka, seier Husa.

I Noreg vart hamnespy for første gong registeret i Stavanger i 2020 og har seinare spreidd seg nordover langs kysten. Havforskaren trur hamnespy kan etablere seg langs heile norskekysten og på Svalbard på grunn av god temperaturtoleranse.

Hamnespy blir mellom anna spreidd med fartøy og mudring og sprenging i sjø og ende opp med å true matfiskanlegg, blåskjel- og østersanlegg og tareanlegg.

(©NPK)