I dag vert det brukt skjellprøver for å avgjere om ein laks er vill eller har rømt frå oppdrettsanlegg.

–Men både forvaltninga og fritidsfiskarar treng gode metodar langs elvekanten, seier Monica Solberg i Havforskingsinstituttet (HI).

Ho er prosjektleiar for eit nytt prosjekt som skal trene kunstig intelligens (KI) til å kjenne att rømt fisk på bilde. Målet er at verktøyet skal vere tilgjengeleg for allmenta gjennom HI sin folkeforskingsportal Dugnad for havet og appen til Elveguiden snart.

Prosjektet opnar for at ein maskin kan sjå samanhengar i dei ytre trekka til fisken som menneskelege ekspertar ikkje har fokusert på.

– Vil vil gjere to ting. Det eine er å bruke mykje kvalitetssikra data vi allereie har til å trene opp ein KI som kan skilje oppdrettslaks frå villaks på bilde. Samtidig vil vi programmere KI-ein til å fortelje oss kva han legg vekt på – altså kva som er dei objektivt beste, ytre kjenneteikna som skil fisken, seier forskaren.

(©NPK)