Då 3500 nordmenn vart spurde om kor stor årsinntekt dei trur dei villa trengt for å leve fullt ut slik dei ønskjer, svara over halvparten at dei treng 700.000 kroner eller mindre. Det skriv NRK.

– Det tolkar eg som at ein ikkje har så veldig store økonomiske behov i den norske befolkninga, seier professor emeritus i statsvitskap Ottar Hellevik til statskanalen.

Han seier funna i undersøkinga kan tyde på at nordmenn ikkje er så opptekne av materielle goder.

Til samanlikning vart svara ganske annleis i USA. I møte med det same spørsmålet, svarte amerikanarar som er fødde mellom 1981 og 1996 at dei ønskte ei lønn på 500.000 dollar, altså omlag 5 millionar kroner i året, for å føle seg lukkelege.

(©NPK)