Jegerane som ser med spenning fram til jaktsesongen kan berre spekulere på om jakt-resultatet vert like tynt som hausten 2022.

Då vart det felt 670 hjort i Ørsta kommune (berre vel halvparten av fellingsløyvet). Talet på felte dyr har gått nedover frå 965 felte dyr i 2020, som var første året utan Bjørke-området i Ørsta kommune, 908 i 2021, og altså berre 670 i fjor.

Nedgangen frå eine året til det andre var på heile 238 felte dyr.

Foto: Ørsta kommune

Hjorteteljingane kan kanskje gje ein indikasjon på kor mykje hjort det er i Ørsta i år.

Det vart arrangert hjorteteljing i Ørsta 22. april og 6. mai.

Første teljing registrerte ein 530 dyr, og 692 på andre teljing.

I Ørsta vart det tald 530 hjort på 1. teljing og 692 på 2. teljing.

Dette er betydeleg lågare enn teljingane i 2022, då jaktresultatet altså vart heller labert. Då vart rundt 770 dyr registrerte på begge teljingane, - noko som igjen var ein markant nedgang i høve til året før.

Tala er henta frå landbrukskontoret sin statistikk.