Kva gjer du dersom stat eller kommunen vil ta over eigedomen din?

Spørsmålet er aktuelt for fleire grunneigarar i Ørsta-Volda, mellom anna i samband med vegbygging gjennom Liadal.

– Vi har fått ein god del spørsmål frå grunneigarar, i hovudtrekk to delar. Det eine er om prosessen, altså når det offentlege kan ta over eigedom. Det andre er det økonomiske oppgjeret ved overtaking, seier advokat Espen Rekkedel ved Advokatfirmaet Øverbø Gjørtz.

Firmaet inviterer til temakveld i Aasentunet torsdag 30. november.

– Vi har fått ein del generelle spørsmål. For å ikkje svare ut ein og ein, skal vi ha ein slik orienteringskveld, seier Rekkedal.

I invitasjonen står det mellom anna: «Når det kanskje fører til at du må flytte ut av heimen din fordi det skal byggjast veg eller anna der, er det unekteleg ei stor belastning. Dei som skal utføre tiltaket kan få rett til det på ulike måtar, som planbehandling etter plan- og bygningslova – og med vedtak om oreigningsløyve. Men kva gjer du då? Og kva er rettane dine?   Dersom bustaden din – eller fritidsbustaden – må rivast, er det normal praksis at denne blir innløyst. Det er likevel snakk om store, og for mange uoversiktlege prosessar. Samstundes er det tid- og kostnadskrevjande prosessar. Det er med andre ord viktig å ha oversikt over rettane ein har, og å kjenna til både moglegheitsrom og avgrensingar for situasjonen ein står i.»