Neste års russ på Volda vgs skal ha såkalla Kick-off komande tysdag, men manglar lokale.

No er dei på utkik etter einkvan som kan skaffe lokale, og bed Volda kommune om hjelp.

Russepresident Andrea Aarsheim Johnsen skriv i ein e-post til Volda kommune:

«Vi har kontakta fleire utan hell.. Har i dei fleste tilfelle fått nei på grunn av russeferingar i fjor og tidlegare år. Vi håpar de kan hjelpe oss med dette, sidan det er viktig for oss å ha ein trygg stad å vere. Vi ynskjer lokale til leige både no, og til framtidige feiringar for russen og håper de har noko til disposisjon. Kjekt om russen og kommuna kan ha eit godt samarbeid med god kommunikasjon oss imellom.»