Det skriv Ørsta kommune i ei pressemelding onsdag.

Her er pressemeldinga:

«Med unntak av Vartdal og Sæbø er barnehagar og SFO opne som normalt. Born skal ikkje gå heim åleine frå SFO, og det er bra om dei som kan hentar tidleg.

Vartdal skule: Skulen er stengt og det blir gitt digital heimeundervisning.

Vartdal barnehage: Barnehagen er stengt.

Velle skule, Vikemarka skule og Ørsta ungdomsskule:

Vi har bestilt skyss tidleg for elevar som skal ha skuleskyss. Utgangspunktet er kl 12.00, men her kan bli nokre justeringar fordi busselskapet kan ha kapasitetsproblem. Elevar som har skyss frå Ørsta ungdomsskule til Hovdebygda har skyss som normalt når skuledagen er slutt. Vurderinga er at vi vil sende elevar heim på eit tidspunkt der vi er trygge på at vegane er opne. Samtidig er det viktig at dei som kan, får vere på skulen så lenge som råd. Veret vil vere ulikt rundt omkring i kommunen, og leiinga ved skulane må gjere vurderingar ut frå lokale forhold. I utgangspunktet er det vanleg skuledag for elevane i sentrum som ikkje har skuleskyss. SFO er ope som normalt, men barn skal ikkje gå heim aleine. Det er bra om føresette kan hente tidleg.

Hovden skule:

Elevar som har skyss til Sørestranda, Steinnes får skuleskyss ca. kl. 12.00. Vanleg skuledag for øvrige elevar og elevar som skal på ettermiddags-SFO. SFO er ope som normalt, men barn skal ikkje gå heim aleine. Det er bra om føresette kan hente tidleg.

Dalane skule og Åmås friskule:

Alle elevar blir sende heim med skyssen som går kl.11.30. SFO er ope som normalt, men barn skal ikkje gå heim aleine. Det er bra om føresette kan hente tidleg.

Sæbø skule:

Alle elevar som har skuleskyss blir sendt heim med skyssen som går kl. 11. Skulen avsluttar vanleg undervisning kl. 11, og elevar kan gå heim når det er avklart med føresette. Skulen har ope fram til kl. 14.00. Det er ikkje ettermiddags-SFO onsdag 31.1.

Sæbø barnehage:

Vi ber om at alle barn blir henta innan kl 14.00. Barnehagen er open til alle er henta.

Vaksenopplæringa:

Ope som normalt frå morgonen, men avsluttar tidleg slik at alle kjem seg trygt heim.

Kulturskule og kino: Stengt onsdag 31. januar.»