Tidlegare denne veka sette dei store butikk-kjedene opp prisen på plastpostar til 4 kroner og 25 øre.

Allereie nokre dagar etter sender Coop ut ei pressemelding der dei opplyser at salet av plastposar stuper.

Mange vel i staden å kjøpe seg handlenett og avfallsposar på rull, melder Coop.

Det var 1. august at prisen på plastposar vart justert kraftig opp, etter at kontingenten til Handelens Miljøfond ble dobla, som eit av mange tiltak for å redusere plastposeforbruket.