– Det er kva er viktig for deg?-dagen. Vi er ute for å få tilbakemeldingar frå dei vi skal tene.

Det seier Jon Bjørdal, som er kvalitetsrådgjevar i fagavdelinga i Helse Møre og Romsdal.

Han og fleire andre representantar frå helseføretaket stod på stand på Volda sjukehus og Spinneriet i Volda, for å få tilbakemeldingar rett frå folket.

– Vi ønsker meir pasientinvolvering i det behandlingsforløpet som folk skal inn i. All forsking viser at om pasientar er involverte blir det betre behandling og betre sluttresultat, seier Bjørdal.

– Viktig med nært sjukehus.

På føremiddagen stod representantane på stand på Volda sjukehus. Der ville dei høyre direkte frå pasientar, pårørande og tilsette.

– Korleis har tilbakemeldingane vore?

– Vi kan konkludere med at vi har eit fantastisk sjukehus lokalt. Og mange sett pris på at det er så nært. Det er veldig mange som er positive til måten dei blir møtt på. Dei tilsette er blide og serviceinnstilte, seier Bjørdal.

Sissel Ørstavik Aase er rådgjevar på lærings- og meistringssenteret. Ho fortel at det har vore stort spenn i tilbakemeldingane.

– Folk er stort sett positive til sjukehuset. Og meiningane er blanda. Nokre gir tilbakemelding på parkering, medan andre gir tilbakemelding om at dei vil få seg betre helse, seier ho og legg til:

-Folk har vore positive til at vi står her. Vi kjem til å ta med oss tilbakemeldingane og tek dei opp med rett instans.